Bjørn Kåre Odde (f. 1990) frå Lom arbeider som musikar og komponist. Hans virke som utøvar har base i norsk folkemusikk med fele og bratsj som hovudinstrument.
Som komponist har han brei erfaring med å skrive for kor og stryk i kammergrupper, men han har også skrive for større besetningar, som Kringkastingsorkesteret (Gudbrandsdal Musikkfest 2022).
Bjørn Kåre har bachelorutdanning i utøving frå Noregs musikkhøgskule (2013) og har jobba fulltid som musikar sidan då.
Aktuelt
I 2021 starta Bjørn Kåre saman med sambuaren Solveig Brekke Hauknes selskapet Melovitten, eit musikkproduksjonsselskap med eige label.